Bamfords hattrick knekte Villa
Aston Villa hadde sjansen til å ta sin femte strake siger og gå til topps i Premier League. Men Patrick Bamford stal showet då Leeds vann 3-0. Villa styrte mykje før pause, men i andre omgang var det Leeds for alle pengane, og Bamford scora etter 55, 67 og 74 minutt. Villa er dermed framleis nummer to på tabellen, bak Everton. Leeds klatra til tredjeplass.