Senka Vålerenga i toppkampen
Viktor Granholm scora tre av måla då Frisk Asker tok over tabelltoppen i eliteserien i ishockey etter ein 5–2 siger i toppkampen mot Vålerenga. Endre Medby sendte Frisk i føringa på Jordal Amfi, før tre mål frå Granholm gav Frisk eit solid grep om kampen. To mål frå Colin Olsen, på kvar si side av ein nettkjenning av Jimi Kuronen sørga for at kampen enda 5–2 til gjestane. Med ein kamp meir enn Vålerenga toppar no Frisk Asker serien, tre poeng framfor nettopp Vålerenga.