Polsk hopptropp i isolasjon
Ein polsk hoppar har testa positivt for korona, og heile det polske laget er isolert, og ventar på svar frå styremsktene om kva som skal skje. Det stadfestar Norges landslagstrenar Alexander Stöckl til NRK. – Vi er ikkje påverka sidan vi ikkje har vore i nærleiken av dei, seier Stöckl. Kvalifiseringa til opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka i Oberstdorf skal avviklast i morgon.