Superduoen til semifinale
Anders Mol og Christian Sørum er klare for semifinale i verdsserieturneringa i sandvolleyball i mexicanske Cancun etter 2-0-siger over Arthur/Guto måndag. Etter å ha vunne innleiinga av turneringa, sparte ikkje den norske superduoen på noko i kvartfinalen. Dei vann til slutt med settsifra 21-14 og 21-14. Dermed skal duoen til semifinale som blir spela natt til tysdag. Der møter dei den tsjekkiske duoen Perusic/Schweiner som slo russiske Semenov/Leshukov 2-1. Turneringa er den første nordmennene spelar på halvanna år. Читать дальше...