Bambas Tyrkia-overgang stadfesta
Brann-spissen Daouda Bamba (26) er seld til Altay. Det stadfestar den tyrkiske klubben i kveld. Det melder Bergens Tidende. 26-åringen kom fråKristiansund og har spela for Brann i tre år, og scora 28 mål på 80 kampar. Han har scora i alle dei frem siste for Bergens-klubben, som er i akutt nedrykksfare i eliteserien. Ifølgje avisa skal Bamba allereie vere på plass i Tyrkia. Han hadde kontrakt med Brann ut årets sesong. Ligasesongen i Tyrkia tek til 15. august, og nyopprykka Altay opnar mot Kayserispor.