Skottland sparkar landslagssjefen
Alex McLeish får sparken som landslagssjef for Skottland, opplyser forbundet på sine nettsider. 60-åringen fekk jobben med å leie det skotske laget i februar i fjor, men har ikkje levert resultatmessig. McLeish har sjølv spelt i tre VM og leia landslaget i to periodar.