Medier: Faren til Luis Diaz er slept fri
Faren til colombianske Liverpool-spelar Luis Diaz skal vere slept fri, melder fleire medier, blant anna colombianske El Tiempo.
Både mora og faren til Diaz blei kidnappa i Colombia for tolv dagar sidan av gruppa ELN. Mora blei slept fri etter ein time.
Gruppa har teke ansvar for kidnappinga og skal ha sagt dei blei kidnappa ved ein feil.