Cameron: Valden i Darfur kan vere eit brotsverk mot menneskeslekta
Storbritannias utanriksminister seier valden i Darfur-regionen i Sudan kan vere eit brotsverk mot menneskeslekta, melder Reuters.
– Eg er djupt uroa over særs truverdige rapportar om at ein del av valden i Darfur er etnisk motivert, sa Cameron i ei utsegn som er publisert på nettsidene til den britiske regjeringa.
Titusenvis av menneske er drepne og fleire millionar er drivne på flukt frå kampane mellom regjeringshæren og militsen som starta i fjor.